Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

søndag 5. desember 2010

Fordommar mot HIV/Aids


Det finst mange som har fordommar mot Hiv/Aids, og mange ser på de som skittent og ekkelt og trur at det er farlig og vere i nærheta av ein som er Hiv smitta. Somme oppfører seg til og med som at ein Hiv- smitta er mindreverdig. Er dette rett ?

Ikkje i det heile teke! Det er vårt etiske ansvar som medmenneske å likestille Hiv-smitta menneskjer. Både vi som enkeltmenneske og som eit samfunn. Ein som er Hivs smitta er ikkje farlig å vere i nærheta av og er ikkje mindreverdig. Kva får eigentlig folk til å trur dette? Er det alle som veit korleis ein blir smitta og korleis ein ikkje blir smitta av Hiv? Mangel på kunnskap om korleis Hiv smittar, kan nok vere ein stor årsak til slike fordommar blant folk. Så korleis smittar Hiv eigentlig? Og korleis smittar ikkje Hiv?

Hiv smittar ikkje ved vanlig sosial omgang med ein hiv-positiv, det er umulig å bli smitta gjennom vanlig kroppskontakt som klemar og kyss. Ein kan ikkje bli smitta av Hiv ved å drikke av same glas, bruke same bestikk, same handduk, same dursj, same badebaseng eller same toalett. Det er meir som skal til for å bli smitta av Hiv. Ein kan ikkje bli smitta av Hiv utan at det kjem inn i blodomløpet. Så For at dette skal skje må ein bli smitta gjennom blod eller sæd. Måtar dette kan skje på er t.d. gjennom seksuelt samleie, gjennom ureine sprøytespissar, fra mor til barn gjennom amming eller via blodoverføring og transplantasjonar.

Det er altså vårt etiske ansvar som medmenneske og likestille Hiv smitta menneskjer og få slutt på fordommane!

-Mathilde Orlien-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar