Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

tysdag 21. august 2012

Oppstartsmøte!

Forrige veke hadde vi i CM-Volda/Ørsta oppstartsmøte for det nye året. Vi utnytta ein av dei verkelig fine sommardagane som er å oppdrive her på sunnmøre til det ytterste. Vi koste oss med grillmat og fleire liter is-te. No har vi valgt nytt styre for hausten og er klare for å gå laust på prosjekta vi no har hatt ein liten sommarferie frå, og ikkje minst arbeide med den herlege nye kampanja til Changemaker for meir etikk i oljefondet!


Maria skal til Oslo i haust og vi kjem til
å savne dette vakkre ansiktet stort! 




Den nye nestleiaren, Aleksander, får klem av vår kjære husnisse, Hilde. 


Birgitte har tatt fatt på stillinga som grillsjef. 

Den nye leiaren, Elise, får mat av Karoline. Som i haust skal
vere ansvarleg for økonomien vår. 

Vi kjem alle til å savne vår tidlegare leiar, Mari, som no har reist på utveksling i Frankrike.
Vi kjem også til å savne tannreguleringa.