Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

tysdag 14. februar 2012

Skikkelig lykkelig på Landsstyremøte og VinterSNU

I helga var det ei strålandes helg å vere Changemaker.

8023 underskrifter,Sakspapir, Openscene, Vaflar, Song, Snabelcafé, Latter, Tørre vitsar, SNU-Flammen, OL, CFC, Bankett, SST, Kreative verksted, Politiske bolkar, Skodespel, Nattkino, Spel, Mykje god mat og meir.

Det byrja allereide på torsdag då det var overlevering av underskriftene frå Stigekampanja - les saka her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7989864
Og seinare den dagen då delegatar frå lokalgrupper frå heile landet møtte opp i Lillehammer for å vere med på Landsstyremøte neste dag. Der det mellom anna vart bestemd krav til neste års hovudtemakampanje, og der vi sto sterkt på svenske vitsar og fun facts. Etter eit langt men spennandes og kjekt møte var det å ta bussen til Smestad U-skule der det som kom til å bli tidenes VinterSNU skulle vere.

Etter ein start med laging av land, olympiske leikar og god mat var SNU stemninga på plass, og den varte heile helga. Over 100 engasjerte ungdom frå heile verda som samlast, lærer om politikk, gjer kjekke aktivitetar og har humøret på plass slår aldri feil.

På laurdag var det mellom anna politiske og kreative verksted og innføring i Global helse. På kvelden var det Bankett middag, premie utdeling, open scene og CFC ( Comunication for change) Show, det vart og bevist at ein har det kjekkast etter klokke er tre på natta!

Søndag var det siste dagen, vi rakk politiske og kreative verksted, Siggi Johnson digging, bilder frå helga, rørande tale av Markus Nilsen og den sørgelege avskjedsrunda...

Med hundre nye vennar, drit kule songar og politiske tankar svirrande rundt i hovudet var det for Volda gruppa å vente i to lange timar på bussen og komme heim i to tida på natta. Med konklusjonane at Elise ikkje skal døgne igjen og Så klart vi kan forandre verda!

Nemde eg at vi var heile sju medlem med på SNU fra Volda :)


Òg du, god alle hjarters dag da du !