Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

onsdag 29. september 2010

Referat frå møte 28.09

På dagens møte har vi lagt mest vekt på kva som skal skje framover mot nyttår, og sett opp ein plan om kva vi skal bruke tida vår på. Vi har slengt ut ville idear i aust og vest, i håp om å bli inspirert. Mest har vi lagt vekt på temaet vi skal ha 1. desember på den internasjonale HIV/aids-dagen, men vi har også tenkt lenger fram i tid.

Vi prøver også å gjere det kjend for folk kva Changemaker er for noko, grunna en del spørsmål. Vi takkar ikkje nei til nye medlem, og minner igjen om at det ikkje er nødvendig å vere aktiv, fordi medlem som ikkje er med på møta tel like mykje i den større samanhengen. Om vi arbeider for ein sak, vil dei 20 inaktive medlemma hjelpe mykje for dei 10 medlemma som kjem på møta, om vi skal gi beskjed til "dei høgare makter". Det sei seg sjølv att jo fleire, jo betre ! :)


Amalie Stranden Kolås, nestleiar
Changemaker Volda