Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

måndag 6. desember 2010

Har du opna dagens luke i julekalenderen?

Heile poenget med advent er å telle ned til jul, og for barn i alle aldrer er julekalenderen ein viktig del av dette. Med "barn i alle aldrer," meiner vi i dette tilfellet alle mellom 1 og 100 år, tatt i betraktning at i nettopp denne tida føler vi alle for å leite fram barnet i oss. Dette har Changemaker fatta, og har difor laga ein heilt spesiell julekalender. 

Opn dagens luke i oljeavhening.no sin julekalender ved å klikke på linken. Du vil både le, bli inspriert og, dersom du deltek i konkurranser, vinne premier som gjer kvardagen ganske masse kulare.

Fakkel, fakkeltog og sløyfe

Orda fakkel, fakkeltog og sløyfe har blitt mykje brukt i det siste. Likevel gir vi oss ikkje med dette. Her kjem enda eit fakkeltog-blogginnelgg. Denne gangen med den hensikt å formidle nokre av dei flotte bilda. Enjoy!






Sløyfer blir hengt på julegrana (og dei heng der fint fortsatt)

Varaordføraren i Volda

Bente ifra Kirkens Nødhjelp og Maria ifra Changemaker

Apell av prest, om kirkelege leiarar sitt ansvar

Apell av Helene Glomnes










søndag 5. desember 2010

Fordommar mot HIV/Aids


Det finst mange som har fordommar mot Hiv/Aids, og mange ser på de som skittent og ekkelt og trur at det er farlig og vere i nærheta av ein som er Hiv smitta. Somme oppfører seg til og med som at ein Hiv- smitta er mindreverdig. Er dette rett ?

Ikkje i det heile teke! Det er vårt etiske ansvar som medmenneske å likestille Hiv-smitta menneskjer. Både vi som enkeltmenneske og som eit samfunn. Ein som er Hivs smitta er ikkje farlig å vere i nærheta av og er ikkje mindreverdig. Kva får eigentlig folk til å trur dette? Er det alle som veit korleis ein blir smitta og korleis ein ikkje blir smitta av Hiv? Mangel på kunnskap om korleis Hiv smittar, kan nok vere ein stor årsak til slike fordommar blant folk. Så korleis smittar Hiv eigentlig? Og korleis smittar ikkje Hiv?

Hiv smittar ikkje ved vanlig sosial omgang med ein hiv-positiv, det er umulig å bli smitta gjennom vanlig kroppskontakt som klemar og kyss. Ein kan ikkje bli smitta av Hiv ved å drikke av same glas, bruke same bestikk, same handduk, same dursj, same badebaseng eller same toalett. Det er meir som skal til for å bli smitta av Hiv. Ein kan ikkje bli smitta av Hiv utan at det kjem inn i blodomløpet. Så For at dette skal skje må ein bli smitta gjennom blod eller sæd. Måtar dette kan skje på er t.d. gjennom seksuelt samleie, gjennom ureine sprøytespissar, fra mor til barn gjennom amming eller via blodoverføring og transplantasjonar.

Det er altså vårt etiske ansvar som medmenneske og likestille Hiv smitta menneskjer og få slutt på fordommane!

-Mathilde Orlien-

Julegåvetipset

Desember er her på både godt og vondt. Sjølv om det kanskje er den vakraste månaden i året, kan ein ikkje legge skjul på stresset kring nettopp denne tida. Adventstida som ein gang var så koseleg, har no blitt forvandra til ei einaste stressande stund der du midt oppe i alle eksamenar og tentamenar, skal tenke på kva du skal kjøpe til både fjernt og nært. Treng du julegåvetips? Vel, her kjem nokre ikkje berre gode julegåvetips, men også julegåvetips for ein ekte Changemaker.


1. Handlaga smykker, kle, vesker osv. fra www.epla.no
"Nettstedet for kjøp og salg av håndlagde og andre unike ting."


Ring





Øredobber
Veske












2. Bøker som både fenger og fengsler


Slumdog millionaire


Mi yndlingsbok: Tusen strålende soler














Afrika - en vakker dag.




3. Filmar du aldri vil gløyme




Blood Diamond
Drageløperen
Avatar








4. Produkter fra http://www.friendsfairtrade.no/shop/


Spapakke












Pants to Poverty, herre












Fortsatt like rådvill i leitinga etter gaver?

Birgitte Flote

torsdag 2. desember 2010

Kulde og faklar osv

Where to start? Mykje aktivitet i gruppa i det siste. 1. desember er omme. Faklane har blitt tent og faklane har slokna (eller fyrstikken, i Markus sitt tilfelle.) Fakkeltoget som heile Volda må ha visst om grunna diverse avisinnlegg, flygeblad, anonse, avisinterju og konstant spamming på facebook, er no forbi.

Laurdag 27. november gikk 250 folk rundt i Volda med hiv/aids-sløyfe som Changemaker og Kirkens Nødhjelp delte ut. 1. desember møtte over 50 stk opp i det som skulle vise seg å bli eit fakkeltog som var like fint som det var kaldt. Og då snakker vi eit bra fakkeltog, tatt i betraktning at -15 grader ikkje berre er -15 grader i Volda. -15 grader føles kaldare her enn visse andre stader, i følge fjorårets geografilærar.

Les meir om toget både i Sunnmørsposten, Møre og Møre Nytt i dagane som kjem!


Samling av underskrifter

Kreativ HIV

Positiv til HIV-positive

Nokon av gledesspreiarane

Stand i Volda sentrum

http://www.changemaker.no/Aktuelt/Nyhetsliste/changemaker-markerte-verdens-aidsdag/