Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

fredag 29. oktober 2010

Oljeavhengig.no


http://oljeavhengig.no/skrivunder/

La oss slukke brannen med ild!


Om og om igjen høyrer vi politikarane snakke om kor viktig oljen vi pumpar opp er i kampen mot fattigdom. La oss hjelpe dei fattige, la oss pumpe opp meir olje og meir gass, dette vil hjelpe dei ut av fattigdommen. La oss slukke brannen med ild. Genialt!!

Ein stad datt eg av. Eg datt av sann ca. i det fattigdom og oljeboring blei nevnt i samme setning. Det er ikkje lenger mange forskarar igjen som ikkje trur på global oppvarming, og det er ikkje mange igjen som ikkje trur at fossile brensel fører til global oppvarming. Heller er det ikkje så mange som trur at desse to tinga har null samanheng med naturkatastrofer. Og sist men ikkje minst, det er absolutt ingen som kan seie at naturkatastrofer ikkje fører til fattigdom. Så kom igjen, la oss slukke brannen med ild!

Eg meiner, kvifor gidde å investere i brannslukningsapparat? Fornybar energi er tåpelig, så lenge du har olje. Tåpeleg å slukke brann med brannslukningsapparat når du kan bruke ild. Eller kva?

Birgitte Flote, leiar

torsdag 28. oktober 2010

Ein by - to verdner

Idag har skuleelvar i heile Norge jobba så blod og svette rann. Til ei forandring - ikkje for seg sjølve. Idag har det vore OD-dagen, der prisippet er å ofre ein dag av utdanninga di, for at nokon andre skal få råd til å gå på skule. Årets prosjekt har vore i samarbeid med Kirkens Nødhjelp, der dei innsamla pengane går til arbeid i Brasil.


Ungdom i Brasil er ikkje så ulike ungdom her i Norge. Dei har mange av dei same draumane, som kva dei skal bli, og kva dei vil oppleve. Men samtidig er der utrulig store forskjellar mellom oss. Visste du at blandt fattige ungdom i Brasil har berre ca 20% vore på kino? I Norge har dei fleste vore på kino så mange ganger at dei har mista tellinga for lenge sidan!
Men viktigast av alt; det er mange ungdom i Brasil som ikkje veit om at det finst ein vidaregåande skule, dette fordi dei rett og slett ikkje har fått noko informasjon om det.

Igjennom OD og prosjektet "Ein by - To verdner" kan ungdom i Norge, som har alt dei treng (og masse, masse meir enn som så..) samle inn pengar for å gi fattige ungdom i Brasil ein sjanse til eit betre liv.

Prosjektet delar seg over seks storbyar, der forskjellen er ekstrem mellom rik og fattig. Visste du forresten at Sao Paulo er den byen i verden med flest helikopter per innbygger? Rike i byen orkar ikkje sitte i bilkø på vei til jobb, og flyr istaden, samtidig som mange fattige i samme by er underernærte..
Dette bilete er ikkje photoshoppa! Du kan tydelig sjå den tynne muren som skiller slummen frå rike boligområde med basseng i kvar etasje.


OD 2010 har 5 forskjellige tema:
  • Å styrke den offentlige skulen, ved å kurse lærerar i komunnikasjon så dei lettare kan lære vekk. Og også utvikle eit meir relevant pensum for elevane.
  • Utdanne ungdom gjennom andre kanalar, ved å gi kurs til ungdom som har falt utanfor den offentlege skulen slik at dei kan greie seg i arbeidslivet.
  • Gi ungdom jobbmuligheter, og gi yrkesveiledning.
  • Politisk påverknad - Få ungdom inn i politikken, og støtte opp dei som arbeider med viktige tema som f.eks menneskerettar.
  • Sjølvtillit - Vise tillit til ungdommen, så dei igjen får betre sjølvtillit.

Så håpar vi på at du har arbeida ein dag av utdanninga di, til inntekt for at nokon som virkelig treng det skal få gå på skule, få tillit, jobb og eit verdig liv!

Karoline Hasle Einang, styremedlem.

Med is i sjela og ski på beina





Det vert hevda at vi nordmenn generelt er like kalde innvendig som klimaet vi veks opp i. Enkelte vil også gå så langt som å påstå at vi ikkje berre vart fødd med ski på beina, men også is i sjela. Kynisk og utan syn for andre enn oss sjølv. Med skia godt festa, fyk vi bortover løypa i full fart utan å ta blikket vekk så mykje som eit tidelssekund. Den gjennomsnittslege nordmann har det så travelt at han knapt lærer å krype før han byrjar å springe, og tidleg lærer han å suse over alt og alle som står i vegen på den perfekte løypa.


På ein måte kan ein ikkje klandre. For er det vel barnet sjølv som vil ut å springe før det lærer å krype? Miljøet formar menneske, i alle fall til ein viss grad. Kor mykje som er arv og kor mykje som er miljø, kan ein så klart diskutere til verdas ende. Eg vel å påstå at ein person fra Noreg er såpass sjølvopptatt som han er, nettopp fordi han heile vegen blir oppmuntra til å fokusere på si eiga framtid, og tenke på sitt eige beste i alle vala som blir tekne. Bra går det jo, suksess blir det. Det norske folk er flinke å komme seg langt, tene pengar og få ei karriere folk flest elles berre kan drøyme om.


Noko som fascinerer meg med oss nordmenn må kanskje vere at vi klarer å reise så mykje, og samtidig vere så blinde for resten av verda. Dermed er det ikkje sagt at vi ikkje er samfunnsorienterte og oppdaterte på kva som skjer. Dei fleste les aviser/nettaviser og ser nyhendinga på TV. Vi sit der og høyrer om folk som blir torturert på grunn av religion, kultur og så vidare. Vi høyrer om familier der den eldste gjenlevande, og difor óg forsørgaren, berre er eit lite barn. Barn må selgje seg sjølv for å kunne forsørge familien. Alt dette ser vi og høyrer vi. Så sit vi der, og synes så fryktelig synd. Kanskje passar vi på å ete opp maten vår til neste måltid, og føler dette har gjort opp for all verdas urettferd. Og det er vel også her problemet ligg. Måten vi rettferdiggjer alt på, blanda med trua på at å vere vis er det samme som å vere klok, og at dette kan lærast på skulen.


Så kan vi spørre oss kor masse vi eigentleg veit, berre av å kunne fakta. Noreg ser på seg sjølv, og frontar seg sjølv, som ein fredsnasjon utan like. Vi er alltid der dersom det skjer noko. Er det eit land i naud, kjem vi med den overfylte lommeboka vår og lånar dei pengar. Det høres så barmhjertig ut, så gode og kjærlege vi er som hjelper. Men så har det jo vist seg at alle desse låna vi har gitt til u-land, som regel har blitt brukt på nokre få, og slettes ikkje på oppattbygging av landet eller til noko som tener alle innbyggarane. Dette fører til nedkutting av helsetibud og mindre satsing på utdanning, for at dei skal klare å skrape saman pengar å betale tilbake til oss.


Vi er ekspertar på å vri på sanninga, og på å late att auga for det vi ikkje vil sjå. Dette gjeld ikkje berre lån til u-land. Kva med all oljen vi borar opp? Veit vi ikkje at ikkje-fornybar energi vil føre til blant anna naturkatastrofer i u-land? Og kva med våpeneksporten vår? Er det ok at Noreg produserer våpen som vi sender av stad utan å eigentleg bry oss om kvar dei havnar? Vi eksporterer kanskje våpena til eit land som i seg sjølv ikkje kan gjere så stor skade med dei, før dei igjen blir sendt vidare til land i krig. Så sit vi der, foran tv-skjermane, og synes så voldsomt synd i alle som dør i krig, samtidig som vi tener oss rike på nettopp den krigen.


Vi ser bilete av barn fra u-land. Magre og med oppblåste magar. Truleg har dei ikkje ete på heile dagen, og truleg har dei jobba så hardt fysisk at vi i Noreg ville laga stor sak ut av brudd på menneskerettane. Likevel står dei der iført filler og held om kvarandre, smilande og så glade at ein skulle trudd dei eigde heile verda. Dei trur på ubuntu, at ein er avhengige av kvar andre for å klare seg, og at ein skal ha eit opent sinn til andre menneske. Vi derimot lever i trua på the strongest survivor.


No kan ein spørre seg om vi har is i sjela, der vi suser av gårde på dei perfekte smurte skina. Samtidig kan ein også sjå på u-land på samme måten som mange ser på narkomane i gata og seier «han ligg der av eigen vilje.» For har ikkje Noreg vore i krig ein gong, og har vi ikkje stolt reist oss opp fra møkka, før vi strekte ryggen og lot landet «stige fram»? Noreg hadde ikkje vore her vi er i dag, dersom vi stadeg vekk skulle «ut å vase i laussnøen.» Med is i sjela og ski på beina, målretta oppover den bratte bakken. Skal vi ikkje då få lov å fortsette løypa i det samme raske tempoet som vi sjølv har blødd og sveitta for? Eller er det kanskje på tide at vi let issjelene smelte litt, og rekke ei hand til stakkaren som kavar rundt i laussnøen, med dårleg smurte ski?


Birgitte Flote, leiar Changemaker Volda

onsdag 27. oktober 2010

Den internasjonale HIV/aids-dagen


Desember nermar seg på godt og vondt, og for dei fleste betyr det juletre, julemusikk og julekaker. Rett og slett jul. Men for nokre er 1.deseber ikkje kun ein dato der du kan opne den første luka i julekalenderen, men noko som gjeld over heile verda. 1.desember er den internasjonale HIV/aids-dagen, der vi støttar og representerer dei som er smitta av det verdsspreidde viruset. 1.desember i år skal vi i Changemaker, saman med Kirkens Nødhjelp og Røde Kors, arrangere eit fakkeltog der kvar og ein som ynskjer kan få delta.

Så klart vi kan forandre verda!

Amalie Stranden Kolås, nestleiar

tysdag 26. oktober 2010

Ein kaffekopp fra eller til



I reklama til Vita Hjertego' stiller dei spørsmålet "har det noko å seie kva smør du har på denne eine brødskiva?" Svaret er ja, kvar skive har noko å seie. Dersom du et éi dagleg, vil det etter nokre år vere stor forskjel på kva du hadde på denne eine skiva.

Slik er det med kaffe også. Ikkje på samme måten, men det er likevel samme prinsipp. Ved å bruke eit sunt og godt smør, gjer du helsa di betre. Ved å kjøpe rette sort kaffe, handlar det ikkje om deg sjølv, men om personen som stod bak produsjonen. Kven plukka kaffibønnene? Fikk dette mennesket ei brukbar lønn? Var det grovt barnearbeid? Vanlegvis veit vi ikkje noko om dette. Ikkje før Fairtrade kom inn i biletet.


Fairtrade er eit handelssystem som sikrar produsentar i u-land rettferdig handel. Dette bidreg til at bonden og arbeidarane kan at styringa over eigne liv, planlegge framtida og bidra til positiv utvikling i det landet. Kvar gong du kjøper produkt med Fairtrademerket på, bidreg du til betre leve- og arbeidsforhold.

Med andre ord har det kanskje noko å seie kva du fylte kaffekoppen med?


Birgitte Flote,

leiar Changemaker Volda

måndag 25. oktober 2010

Flytt tusenlappen din


Ved at vi er ein del av det norske Oljefondet, har vi alle aksjer for nesten tusen kroner i oljeselskapet Repsol. Repsol leitar no etter olje i delar av Amazonas. Vi veit at ukontakta indianarar lever der, og vi veit at som følger av oljeboring kan dei dø av sjukdommar som for oss er heilt vanlege. Dei har rett og slett ikkje naturleg beskyttelse mot det. Dessutan tek vi frå dei moglegheita til å leve etter sin levemåte, og både den og kulturen deira vil aldri bli den samme.

Denne tusenlappen er din tusenlapp, det er dine pengar, og du har rett til å seie ifra om du ikkje vil bruke sparepengane dine på dette.

Skriv under, og vis at du bryr deg!

http://www.regnskog.no/Hvordan+vi+jobber/Underskriftskampanje

Birgitte Flote,
leiar i Volda Changemaker