Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

torsdag 28. oktober 2010

Med is i sjela og ski på beina





Det vert hevda at vi nordmenn generelt er like kalde innvendig som klimaet vi veks opp i. Enkelte vil også gå så langt som å påstå at vi ikkje berre vart fødd med ski på beina, men også is i sjela. Kynisk og utan syn for andre enn oss sjølv. Med skia godt festa, fyk vi bortover løypa i full fart utan å ta blikket vekk så mykje som eit tidelssekund. Den gjennomsnittslege nordmann har det så travelt at han knapt lærer å krype før han byrjar å springe, og tidleg lærer han å suse over alt og alle som står i vegen på den perfekte løypa.


På ein måte kan ein ikkje klandre. For er det vel barnet sjølv som vil ut å springe før det lærer å krype? Miljøet formar menneske, i alle fall til ein viss grad. Kor mykje som er arv og kor mykje som er miljø, kan ein så klart diskutere til verdas ende. Eg vel å påstå at ein person fra Noreg er såpass sjølvopptatt som han er, nettopp fordi han heile vegen blir oppmuntra til å fokusere på si eiga framtid, og tenke på sitt eige beste i alle vala som blir tekne. Bra går det jo, suksess blir det. Det norske folk er flinke å komme seg langt, tene pengar og få ei karriere folk flest elles berre kan drøyme om.


Noko som fascinerer meg med oss nordmenn må kanskje vere at vi klarer å reise så mykje, og samtidig vere så blinde for resten av verda. Dermed er det ikkje sagt at vi ikkje er samfunnsorienterte og oppdaterte på kva som skjer. Dei fleste les aviser/nettaviser og ser nyhendinga på TV. Vi sit der og høyrer om folk som blir torturert på grunn av religion, kultur og så vidare. Vi høyrer om familier der den eldste gjenlevande, og difor óg forsørgaren, berre er eit lite barn. Barn må selgje seg sjølv for å kunne forsørge familien. Alt dette ser vi og høyrer vi. Så sit vi der, og synes så fryktelig synd. Kanskje passar vi på å ete opp maten vår til neste måltid, og føler dette har gjort opp for all verdas urettferd. Og det er vel også her problemet ligg. Måten vi rettferdiggjer alt på, blanda med trua på at å vere vis er det samme som å vere klok, og at dette kan lærast på skulen.


Så kan vi spørre oss kor masse vi eigentleg veit, berre av å kunne fakta. Noreg ser på seg sjølv, og frontar seg sjølv, som ein fredsnasjon utan like. Vi er alltid der dersom det skjer noko. Er det eit land i naud, kjem vi med den overfylte lommeboka vår og lånar dei pengar. Det høres så barmhjertig ut, så gode og kjærlege vi er som hjelper. Men så har det jo vist seg at alle desse låna vi har gitt til u-land, som regel har blitt brukt på nokre få, og slettes ikkje på oppattbygging av landet eller til noko som tener alle innbyggarane. Dette fører til nedkutting av helsetibud og mindre satsing på utdanning, for at dei skal klare å skrape saman pengar å betale tilbake til oss.


Vi er ekspertar på å vri på sanninga, og på å late att auga for det vi ikkje vil sjå. Dette gjeld ikkje berre lån til u-land. Kva med all oljen vi borar opp? Veit vi ikkje at ikkje-fornybar energi vil føre til blant anna naturkatastrofer i u-land? Og kva med våpeneksporten vår? Er det ok at Noreg produserer våpen som vi sender av stad utan å eigentleg bry oss om kvar dei havnar? Vi eksporterer kanskje våpena til eit land som i seg sjølv ikkje kan gjere så stor skade med dei, før dei igjen blir sendt vidare til land i krig. Så sit vi der, foran tv-skjermane, og synes så voldsomt synd i alle som dør i krig, samtidig som vi tener oss rike på nettopp den krigen.


Vi ser bilete av barn fra u-land. Magre og med oppblåste magar. Truleg har dei ikkje ete på heile dagen, og truleg har dei jobba så hardt fysisk at vi i Noreg ville laga stor sak ut av brudd på menneskerettane. Likevel står dei der iført filler og held om kvarandre, smilande og så glade at ein skulle trudd dei eigde heile verda. Dei trur på ubuntu, at ein er avhengige av kvar andre for å klare seg, og at ein skal ha eit opent sinn til andre menneske. Vi derimot lever i trua på the strongest survivor.


No kan ein spørre seg om vi har is i sjela, der vi suser av gårde på dei perfekte smurte skina. Samtidig kan ein også sjå på u-land på samme måten som mange ser på narkomane i gata og seier «han ligg der av eigen vilje.» For har ikkje Noreg vore i krig ein gong, og har vi ikkje stolt reist oss opp fra møkka, før vi strekte ryggen og lot landet «stige fram»? Noreg hadde ikkje vore her vi er i dag, dersom vi stadeg vekk skulle «ut å vase i laussnøen.» Med is i sjela og ski på beina, målretta oppover den bratte bakken. Skal vi ikkje då få lov å fortsette løypa i det samme raske tempoet som vi sjølv har blødd og sveitta for? Eller er det kanskje på tide at vi let issjelene smelte litt, og rekke ei hand til stakkaren som kavar rundt i laussnøen, med dårleg smurte ski?


Birgitte Flote, leiar Changemaker Volda

4 kommentarer:

  1. Ikkje verst, frøken! No gjenstår berre Møre :D

    SvarSlett
  2. Brukte 10 min på å tørre å skrive navnet mitt nederst. Sååå emmm nei! Men skal skrive om fakkeltoget, det tørr ej :))

    SvarSlett
  3. Fantastisk Birgitte! Og utrolig bra til hele gruppa at dere blogger. Gleder meg allerede til neste innlegg.

    SvarSlett
  4. Tusen takk! Vi he plana om å fortsette, så det e berre å fylle med :)

    SvarSlett