Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

måndag 1. november 2010

Kjører vi over jorda, kjører vi også over menneske


Ofte tenkjer vi på korleis borneborna våre kjem til å oppleve klimaet, men det mange ikkje veit er at i Afrika står mange ovanfor dei ekstreme forandringane allereie no. Naturkatastrofer kjem hyppigare, det blir tørke grunna ørkenspreiing og regntida som kjem når den ikkje skal komme. Dette fører til at avlingane ikkje veks slik dei skal, og derfor opplev dei meir svolt enn dei allereie står ovanfor. Og ikkje nok med det, men grunna den store endringa i klimaet, blir sjukdommar spreidd fortare enn ild i tørt gras.

Men det verste er at dei som får alle dei ekstreme konsekvensane ikkje står for noko av dei skadlege utsleppa. Den tredje verda opplev å bli dradd enda lenger ned i gjørma, fordi vi blandt anna kjører bil knappe 50 meter til butikken og reiser 2 gongar til syden i året. Vi skapar enda meir urettferd for dei som ikkje fortener det, grunna vår latskap. Og vi lurer på korleis vår del av verda vil sjå ut om 5o år?



Amalie Stranden Kolås, nestleiar Changemaker Volda

1 kommentar:

  1. Synst virkelig ikkje du skal tvile på skriveferdigheitene dine :)

    SvarSlett