Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

onsdag 10. november 2010

Er det "inn" å ikkje ha meiningar?

Kva er verst? Å vere som alle andre eller å stikke seg litt ut?
Har det blitt inn å ikkje meine noko? Er det på moten å sitte der å småprate og aldri kunne seie noko som helst om ting som er viktigare enn kva du har på deg og kor mange kilo du la på deg i går? Spørr du meg er vi skremmande like. Dei samme klea, den samme musikken, dei samme interessene..

Vi orkar ikkje ein gong å tenke på å skaffe eigne meiningar. Det er så stress. Mykje meir avslappande å sjå på TV eller game, eller kanskje sove. Mykje meir stress å meine ting, å diskutere, og å bruke nokre krefter på å opne kjeften for å seie noko anna enn kva fest du skal på til helga.



Mi største frykt er å vere ordinær. Å bli sett på som ein av dei andre, ein som ikkje meinar.


Birgitte Flote, leiar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar