Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

tysdag 23. november 2010

Filmkveld

Onsdag 24. november skal vi ha filmkveld. Vi har ikkje bestemt kva film vi skal sjå, men filmane vi har å velje mellom er blant anna Blood Diamond, Drageløperen og 2012, samt ei rekke andre filmar.
 Vi har ingen saker vi skal ta opp, og det vert eigentleg berre sosialt og kjekt. Ikkje treng ein å vere medlem heller, så lenge ej har lyst å komme! 18.00 på Høgskulen, komkomkom.
Fikk ikkje til å laste opp bilde, så dette innlegget blei kjedeleg. Planen var å slenge med eit bilde av dagens avisartikkel i Møre om oppstarten vår og fakkeltoget vi skal ha. Men ja, det stod om oss i avisa i dag for dei som ikkje har sett det. Spring og les!

Birgitte Flote

laurdag 20. november 2010

1-5 = -4 = positivt. What?



Enkelte land sit med gjeld til langt oppetter ørene. Saken er den at for kvar krone rike land gir i bistand, betaler fattige land fem kroner i gjeldsnedbetaling. Ergo har det eigentleg ikkje så veldeg stor effekt med denne bistanden. Ikkje før vi kuttar u-landsgjelda. Korleis får vi eigentleg 1-5 til å bli positivt? Greit nok, matte er ikkje mitt sterkaste fag, men sjølv ein barnehageunge klarer å sjå negativiteten som lyser ifra talet -4.

Denne bistanden, er den berre enda eit tappert forsøk på å framstå som eit edelt land, nok eit forsøk på å lette på samvitet?

http://www.youtube.com/watch?v=0uVkKCNPpaU&feature=player_embedded

Birgitte Flote, leiar

onsdag 10. november 2010

Elise og Birgittes reklamasjonsservice AS



Ikkje alle er like heldige å bu sentralt. Når møtet er ferdig sit to stakkarslege jenter igjen og ventar på å komme seg heim. Men trur du vi sit stille av den grunn? Åneida. Her snakkar vi høg aktivitet i form av reklamasjon! 


Reklamering av fakkeltoget
Reklamering av Changemaker
Reklamering av alle godene ved å vere medlem, i form av MAT!!
Veit sanneleg ikkje kva vi reklamerer for her. Nøkkelkortet? Oss sjølv?



Elise Eidset og Birgitte Flote

Er det "inn" å ikkje ha meiningar?

Kva er verst? Å vere som alle andre eller å stikke seg litt ut?
Har det blitt inn å ikkje meine noko? Er det på moten å sitte der å småprate og aldri kunne seie noko som helst om ting som er viktigare enn kva du har på deg og kor mange kilo du la på deg i går? Spørr du meg er vi skremmande like. Dei samme klea, den samme musikken, dei samme interessene..

Vi orkar ikkje ein gong å tenke på å skaffe eigne meiningar. Det er så stress. Mykje meir avslappande å sjå på TV eller game, eller kanskje sove. Mykje meir stress å meine ting, å diskutere, og å bruke nokre krefter på å opne kjeften for å seie noko anna enn kva fest du skal på til helga.



Mi største frykt er å vere ordinær. Å bli sett på som ein av dei andre, ein som ikkje meinar.


Birgitte Flote, leiar

måndag 8. november 2010

Make that change

Gotta make a change
For once in my life
It's gonna feel real good
Gonna make a difference
Gonna make it right

As I turned up the collar on
A favorite winter coat
This wind is blowin' my mind
I see the kids in the street
With not enough to eat
Who am I to be blind
Pretending not to see their needs

A summer's disregard
A broken bottle top
And a one man's soul
They follow each other
On the wind ya' know
'Cause they got nowhere to go
That's why I want you to know

I'm starting with the man in the mirror
I'm asking him to change his ways
And no message could have been any clearer
If you wanna make the world a better place
Take a look at yourself and then make a change, yey
Na na na, na na na, na na na na oh ho

I've been a victim of
A selfish kinda love
It's time that I realize
There are some with no home
Not a nickel to loan
Could it be really pretending that they're not alone

A willow deeply scarred
Somebody's broken heart
And a washed out dream
(Washed out dream)
They follow the pattern of the wind ya' see
'Cause they got no place to be
That's why I'm starting with me

I'm starting with the man in the mirror
I'm asking him to change his ways
And no message could have been any clearer
If you wanna make the world a better place
Take a look at yourself and then make a change

I'm starting with the man in the mirror
I'm asking him to change his ways
And no message could have been any clearer
If you wanna make the world a better place
Take a look at yourself and then make that change

fredag 5. november 2010

50 kroner


Dette blogginnlegget var meint å vere eit innlegg der eg skulle ramse opp ting som kosta 50 kroner, for å understreke kor billig det er å bli medlem i Changemaker. Saken er den at eg slit med å komme på noko. Alle eksempla på billege ting som poppar opp i hovudet mitt, er strengt tatt dyrare enn 50 kroner. 50 kroner er jo ingenting i dagens samfunn. Med andre ord, dersom du har lyst, burde det verkeleg ikkje vere pengane som stoppar deg. Har du lyst, har du lov!

Birgitte Flote, leiar.

torsdag 4. november 2010

Inviter alle du kjenner og bli med i fakkeltoget!


Kjekt om mange går inn for å invitere fleire ifra Volda/Ørsta- området til å delta på fakkeltoget vi skal ha 1. desember!

http://www.facebook.com/event.php?eid=162283943804834

onsdag 3. november 2010

Sjekk ut Sunnmørsposten!!!!


I dag er dagen alle må lese Sunnmørsposten. Kvifor? Jo, fordi Amalie og eg er der og snakkar om Changemaker Volda og oppstarten vår!

Birgitte Flote, leiar

måndag 1. november 2010

Frihandelsavtalen med Colombia


"Mens forhandlingene om frihandelsavtalen pågikk i 2008 ble 41 tillitsvalgte fra fagbevegelsen drept i Colombia. Etter Sudan er Colombia landet med flest interne flyktninger. Det finnes påviste bånd mellom myndighetene og paramilitære grupper. Handelsavtale med Colombia vil bidra til å legitimere et regime som verken respekterer menneskerettigheter eller arbeiderrettigheter."

Les meir om frihandelsavtalen med Colombia og konsekvensane av avtalen her:

http://saih.no/opprop/colombia10?nh=31&mh=25


Birgitte Flote, leiar

Visste du at....


... over ein milliard menneske lever utan tilgang på reint vatn?

... 42 % av verdas befolkning manglar tilgang på eit tilfredsstillande sanitærforhold?

... årleg døyr 2,2 millionar menneske som følge av sjukdommar grunna mangel på vatn samt dårlege sanitærforhold?

... mange stader brukar fattige 20% av inntekta si på vatn?

... privatisering av vatn fører til at det blir så dyrt at fattige rett og slett ikkje har råd?


Birgitte Flote, leiar

Kjører vi over jorda, kjører vi også over menneske


Ofte tenkjer vi på korleis borneborna våre kjem til å oppleve klimaet, men det mange ikkje veit er at i Afrika står mange ovanfor dei ekstreme forandringane allereie no. Naturkatastrofer kjem hyppigare, det blir tørke grunna ørkenspreiing og regntida som kjem når den ikkje skal komme. Dette fører til at avlingane ikkje veks slik dei skal, og derfor opplev dei meir svolt enn dei allereie står ovanfor. Og ikkje nok med det, men grunna den store endringa i klimaet, blir sjukdommar spreidd fortare enn ild i tørt gras.

Men det verste er at dei som får alle dei ekstreme konsekvensane ikkje står for noko av dei skadlege utsleppa. Den tredje verda opplev å bli dradd enda lenger ned i gjørma, fordi vi blandt anna kjører bil knappe 50 meter til butikken og reiser 2 gongar til syden i året. Vi skapar enda meir urettferd for dei som ikkje fortener det, grunna vår latskap. Og vi lurer på korleis vår del av verda vil sjå ut om 5o år?



Amalie Stranden Kolås, nestleiar Changemaker Volda