Idag har skuleelvar i heile Norge jobba så blod og svette rann. Til ei forandring - ikkje for seg sjølve. Idag har det vore OD-dagen, der prisippet er å ofre ein dag av utdanninga di, for at nokon andre skal få råd til å gå på skule. Årets prosjekt har vore i samarbeid med Kirkens Nødhjelp, der dei innsamla pengane går til arbeid i Brasil.
Ungdom i Brasil er ikkje så ulike ungdom her i Norge. Dei har mange av dei same draumane, som kva dei skal bli, og kva dei vil oppleve. Men samtidig er der utrulig store forskjellar mellom oss. Visste du at blandt fattige ungdom i Brasil har berre ca 20% vore på kino? I Norge har dei fleste vore på kino så mange ganger at dei har mista tellinga for lenge sidan!
Men viktigast av alt; det er mange ungdom i Brasil som ikkje veit om at det finst ein vidaregåande skule, dette fordi dei rett og slett ikkje har fått noko informasjon om det.
Igjennom OD og prosjektet "Ein by - To verdner" kan ungdom i Norge, som har alt dei treng (og masse, masse meir enn som så..) samle inn pengar for å gi fattige ungdom i Brasil ein sjanse til eit betre liv.
Prosjektet delar seg over seks storbyar, der forskjellen er ekstrem mellom rik og fattig. Visste du forresten at Sao Paulo er den byen i verden med flest helikopter per innbygger? Rike i byen orkar ikkje sitte i bilkø på vei til jobb, og flyr istaden, samtidig som mange fattige i samme by er underernærte..
Dette bilete er ikkje photoshoppa! Du kan tydelig sjå den tynne muren som skiller slummen frå rike boligområde med basseng i kvar etasje.
OD 2010 har 5 forskjellige tema:
- Å styrke den offentlige skulen, ved å kurse lærerar i komunnikasjon så dei lettare kan lære vekk. Og også utvikle eit meir relevant pensum for elevane.
- Utdanne ungdom gjennom andre kanalar, ved å gi kurs til ungdom som har falt utanfor den offentlege skulen slik at dei kan greie seg i arbeidslivet.
- Gi ungdom jobbmuligheter, og gi yrkesveiledning.
- Politisk påverknad - Få ungdom inn i politikken, og støtte opp dei som arbeider med viktige tema som f.eks menneskerettar.
- Sjølvtillit - Vise tillit til ungdommen, så dei igjen får betre sjølvtillit.
Karoline Hasle Einang, styremedlem.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar