Follow this blog with bloglovin

Follow Changemaker Volda

onsdag 5. september 2012

Leiartrening

Denne helga har nokon av oss i CM Volda hatt ei strålande helg i Oslo på ledartrening. På ei vakker og idyllisk øy i Oslofjorden har vi møtt andre leiarar, nestleiarar og økonomiansvarlege frå forskjellige lokalgrupper rundt om i landet. Vi har bada, ete mat, lært meir om den nye kampanja, spelt alias, ete meir mat, idémyldra og ikkje minst; lært å bli betre leiarar. No er vi veldig flinke leiarar.